Vaffelhjarte (3.-6. trinn)

Målgruppe: 3.- 6. trinn
Tid: 60 minutt
1-2 Lærarar / lærar + assistent: Det er ein føremon å vere to vaksne. Del leiaroppgåvene mellom dykk. Vaffelhjarte kan òg fungere med éin lærar.
Aktuelle fag: Norsk

Læringsutbytte for elevene:
Elevane får oppleve, utforske og formidle tekst frå boka Vaffelhjarte gjennom kreative uttrykk som dramaformane improvisasjon, mime, frysbilete og dramatisering. Dei les og arbeidar praktisk med nynorske tekstar, og utforskar og formidlar tekstane gjennom å opptre i roller på varierte måtar. Saman med heile klassa og lærarane undersøker dei situasjonar gjennom spel.

Utstyr:

  • Eit stort hjarte (sjå nedanfor)
  • Eit grytelokk og ein gaffel
  • Musikk: ”Bestevenn” av Odd Nordstoga
  • Høgtalar
  • Avspelar
  • To strikkeluer (til Trille og Lena)
  • Tekstutdrag til del 6. Utskrifter til gruppearbeid (sjå materiell)
  • Teksten til songen ”Bestevenn» (steg 8)
  • Eventuelt klassesett av Vaffelhjarte (valfritt om elevane skal lese boka individuelt)
  • Lydbokversjon av Vaffelhjarte og avspelingsmoglegheit for gruppearbeid (t.d. iPad)

Eit stort hjarte som ”scenografi” kan anten teiknast opp med kritt i klasserommet eller lagast av ein rull med brunt kraftpapir (om lag 1 meter brei): Klipp opp 4 lengder (om lag 4 meter). Teipe dei 4 lengdene saman til eit kvadrat, teikne eit digert hjarte og klipp det ut. Me laga ei mjuk utgåve av hjartet av badematter, som blei teipa saman på baksida før hjartet blei klipt ut.

Aktuelle læreplanmål etter 4. trinn: 

  • lese og lytte til fortellinger, eventyr, sangtekster, faktabøker og andre tekster på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk, og samtale om hva tekstene betyr for eleven
  • utforske og formidle tekster gjennom samtale, skriving, lek, bevegelse og andre kreative uttrykk

Aktuelle læreplanmål etter 7. trinn: 

  • lese lyrikk, noveller, fagtekster og annen skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhold
  • leke med språket og prøve ut ulike virkemidler og framstillingsmåter i muntlige og skriftlige tekster
  • beskrive, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål

Tekst kommer

Tekst kommer

Undervisningsforløpet steg for steg:

Eit stort hjarte (sjå utstyr) er plassert i midten av rommet (stolar og bord er stabla opp langs ein av veggane). Læraren inviterer barna til å setje seg rundt hjartekanten.

Læraren spør:
Kva er det me sit rundt? Kva tenkjer de når de ser det? Kor stort er hjartet? Er dette vanleg storleik og farge på eit hjarte? Kor mange er det plass til inni hjartet? Me prøver. Korleis kjenst det når alle er i hjartet? Kva om hjartet var mindre? Kor mange ville det då vere plass til? Kva veit de om hjarte? Kva skjer om hjartet går i bitar/brest? Kor er hjartet plassert på menneskekroppen? Korleis er hjartet i menneskekroppen? Finns det andre hjarte? 

Gjennom eit stort hjarte og samtale rundt det konkrete hjartet, får du introdusert noko av tematikken i boka. Du ber barna setje seg på utkanten av hjartet igjen og går i rolle som Trille som fortel.

Om metoden lærar-i-rolle
I dette undervisningsforlaupet skal du blant anna nytte dramametoden lærar-i-rolle (som Trille og Lena) i kollektivt samspel med elevane. Begge lærarane tek på seg ei rolle. Er det éin lærar, vekslar du mellom dei to rollene eller du bryt spelet og fortel om Lena/Trille. Metoden lærar-i-rolle vert nytta for å strukturere og leie spelet/situasjonen og kan samstundes støtte og utfordre elevane gjennom spel. Tenk det som ein strukturert leik knyta til temaet de forskar ut saman.

Instruksjon
Vis boka og fortel at de no skal arbeide med boka Vaffelhjarte. (Boka er utgjeven av Det Norske Samlaget. Vi viser til sidetal i 2. utgåve, 2011). De skal lese litt, gå i roller og snakke om boka. Forklar til elevane at læraren(e) òg nokre gonger vil vere i rolle, og at elevane skal spele med. Sei at du vil starte med å fortelje litt i rolle som Trille.

Lærer-i-rolle som Trille fortel
Ta på deg ei lue, gå inn i det store hjartet og fortel:

«Tekstutdrag kommer etter avklaring med forlaget om bruk av korte tekstutdrag.»

Du går i rolle som Lena (som liker å finne på ting og liker å vere leiar. Ho kan vere ganske ”streng” og litt påståeleg). Lena går inn i hjartet og seier til dømes: Eg trur ikkje de kan stå på ein fot!… Få sjå då! Slik får ho med seg barna i leiken som følgjer. Ho seier at ho har eit grytelokk og ein gaffel og at kvar gong ho ”plingar” på grytelokket så skal dei starte ”leiken”, og kvar gong ho ”plingar” igjen så skal dei fryse til is – og at det er ho som bestemmer. Samtidig er ho (læraren) aksepterande når det kjem idear.

Dei yngste elevane: Her kan Lena seie kva ho og Trille plar leike i sommartida (til dømes: bade med symjing, sprute vatn, hoppe, hinke, klatre, balansere) og i vintertida (til dømes ake, gå på ski, lage snømann. For kvar leik Lena fortel om, leikar ungane to og to eller fleire saman – med frys mellom kvar nye leik.

Dei eldste elevane: Her kan Lena spørje om ungane kan gjette kva ho og Trille leikar om vinteren, våren, sommaren og hausten; her kan ein òg leggje inn balansering mellom årstidene – og setje på ”Bestevenn”-musikken. Denne leiken kan òg strukturerast gjennom ”grytelokk-pling” og ”frys” – og går føre seg utanfor hjartet, men her er det elevane som kjem med forslaga. Om nokon seier ”gå på skeiser”, ler Lena og  kan seie: JA!! Det gjer me! Me går framover og bakover, snurrar rundt og så dett me…. ”grytelokk-pling” – alle går på isen….

Lærar ber elevane setje seg langs kanten av hjarteforma.

Lærer-i-rolle som Lena
Ta på Lena-lua og inviter barna til samtale der du er i rolle som Lena:
Eg treng ein pappa, slik Trille har. Eg veit ikkje heilt kva dei brukas til, men det verkar fint. Eg likar ikkje snakke om det, men far min forsvann før eg vart fødd. Så er det nokon som veit kva ein kan bruka ein pappa til?

Om du ikkje får nokon respons på spørsmålet, kan du fortsetje med: Eg spurde Trille. Han verka heller ikkje som han visste så mykje kva ein pappa kan brukas til. Men han sa at faren byggjer mykje. Han byggjer murar som eg og Trille balanserer på…

Samtalen er open, finn på spørsmål og oppfølgingsspørsmål undervegs. Læraren i rolle som Lena undrar seg saman med barna.

(Denne bolken er laga som en refleksjon rundt kapitelet «Pappa ønskes» i Parr, s. 42-52).

Overgang
Etter samtalen, seier Lena (lærer-i-rolle) som ein overgang til del 5. Ferjeturen:
Trille sin pappa er snill, men nokon gonger blir han knall raud og sinna når Trille og eg finn på ting som går litt over styr, men det går fort over om ein berre er litt lur då. Høyr om då vi tok ferga til byen for å skaffe oss ein fotball.

Instruksjon (lærar ute av rolle)

Lærar fortel litt frå kapitelet «Glade jul midt på sommaren» (Parr, s.74-85):
«Tekstutdrag kommer etter avklaring med forlaget»

Lærar instruerer elevane. Dei skal no mime kva som skjer vidare etter instruks frå lærar (a-d). Forklar at du skal fortelje kva som hender og kven som skal mime dei ulike hendingane. Forklar at når dei mimar, skal dei ikkje snakke med ord.

a. Lena og Trille stiller seg opp med blokkfløyta
Lærar vel to elevar som skal stille seg opp og mime at dei spelar på blokkfløyte. Vel ut to andre som skal være Magnus og Hassan som ser litt overraska ut når Lena og Trille speler “Glade jul” midt på sommaren. Resten av klassa skal stille opp som om dei er publikum som ser på. Nokon av dei kan mime at dei gir pengar i ein kopp. Du fortel: Lena og Trille tente raskt masse pengar, dei gjekk til ein sportsbutikk for å kjøpe ein fotball, men mangla 42 kr. No stilte dei seg opp utanfor butikken for å spele…

b. Lena og Trille får kjeft av butikkeigaren i sportsbutikken
Lærar vel ut ein elev som er butikkeigar. Mens Lena og Trille spelar i veg, kjem butikkeigaren ut av butikken og mimar at han kjeftar. Fortel vidare kva som skjer: Butikkeigaren vil ha vekk Lena og Trille fordi dei kan skremme kundane, men Lena og Trille berre held fram med å spele blokkfløyte. Då hentar butikkeigaren fotballen og lar dei kjøpe den for dei pengane dei har, sjølv om det ikkje er nok. (Butikkeigar, Trille og Lena mimar).

c. Lena og Trille har gløymd tida
Fortel vidare: Akkurat da dei får kjøpe fotballen, oppdagar dei at dei har gløymt tida. Dei spring til ferga.(Lena, Trille og butikkeigaren mimar).

d. På ferga møter dei pappaen til Trille. Han er sinna
Du hentar inn enda ein, som no mimar pappaen. Fortel vidare: På ferga møter dei pappaen til Trille. Han er sinna. Men Lena viser fotballen, ein proffball. Då blir pappaen kry, vil prøve fotballen…med billettveske og tresko. Han vil trikse og plutseleg flyg både skoen og fotballen på sjøen. (Pappaen, Trille og Lena mimar).

(Mimesekvensar frå kapitelet “Glade jul midt på sommaren“ i Parr, s. 74-85).

Elevane får no bli meir kjend med handlinga i boka. Dei skal arbeide i grupper med utdrag frå kvar sitt kapittel.  Gruppene skal lage ein serie frysbilete frå sitt kapittel.

Instruksjon
Del klassen i fem grupper. Plasser gruppene slik at dei får kvar sitt arbeidsområde i ein sirkel. Alle gruppene får tekstutdrag frå ulike kapittel  i Vaffelhjarte (sjå Tillegg til 6.frysbilete-serie). Gruppa les gjennom tekstutdraget. Dei fordel rollar før dei lagar sin frysbilete-serie (sjå Ny instruksjon). Når dei skal vise for kvarandre etterpå, kan dei vise frå arbeidsstaden sin, og alle vil sjå kvarandre (sjå 7. visning av frysbilete-serien).


Gruppe 1: Sauesanking og helikoptertur (Parr, s.105-113)

Gruppe 2: Akebrettsmell med dobbel hjernerystelse og ei flygande høne (Parr, s.145-155)

Gruppe 3: Lena og eg leikar andre verdskrig (Parr, s.171-178)

Gruppe 4: Å sløkke ei heks (Parr, s.17-28)

Gruppe 5: Brannen (Parr, s.179-186)

Ny instruksjon
Gruppa skal lage tre frysbilete i ein serie, som viser kva som skjer i kapittelet dei har fått utdelt. Elevane skal starte med å snakke om kva dei tre frysbileta skal vise, og så lage serien med tre frysbileta. Dei kan være menneske, dyr, ting – som dei skal forme med kroppane ut i frå kva som trengs i bileta.

Gruppene får 5 minutt til å skape frysbildeserien. Dei kan tenke at det er som ein teikneseriestripe. Du ber elevane om å komme seg fort ut på golvet for å arbeide, prøve ut løysningar. Det vil seie at dei skal “tenkje” med kroppane og uttrykkje det som skjer i biletet fysisk når dei kjapt har snakka samen om kva som skal skje på biletet dei skal vise. Til dømes kan ein på gruppa stiller seg i frysposisjon. Dei andre i gruppa går etter tur inn i biletet. Lærar går rundt og rettleiar gruppene.

Vising av frysbilete-serien
Dei fem gruppene er plasserte i ein stor sirkel, der dei har arbeidd med frysbilete-seriane. Om gruppene har arbeidd i andre rom, kan du no samle dei i ein stor sirkel med eitt område til kvar gruppe før visinga. Be gruppe 1 om å gjere seg klare. Dei andre blir sittande, og vender seg slik at dei kan sjå gruppe 1. Gruppe 1 viser frysbilete-serien. Les den korte tekstbolken elevane fekk som utgangspunkt mens elevane viser frysbileta. Alle gruppene viser etter tur.

Instruksjon
No skal alle vere i rolle som Lena eller Trille, dei vel sjølve kva rolle dei vil ha. Etter ein ferie får Lena og Trille i oppgåve å skrive om eit minne frå ferien. Det kan vere det mest morosame eller det som var skumlast av alt som skjedde i ferien. Dei skal skrive ½-1 side om ferieminnet. Dei kan skrive om noko av det som skjedde i frysbilete-serien eller finne på noko heilt anna.

Lærar fortel (i rolle som Trille)
Fortel ein sekvens som du fortalde i introduksjonen i punkt 2. Bruk Trille-lua for å vise at du er i rolle: «tekst kommer etter avklaring med forlaget».

Instruksjon
Del elevane inn i par, den eine skal vere Trille og den andre Lena. Dei set seg to og to rundt hjarteforma. Dei skal intervjue kvarandre i to minutt kvar, finne på fleire spørsmål. Den som er i rolle skal svare som Lena eller Trille. Du tar tida og seier “bytt” etter to minutt.

  1. Trille skal få nokre spørsmål om korleis det er å ville vere bestevenn med Lena.
  2. Lena skal få nokre spørsmål om kva som er årsaka til at ho aldri har sagt at Trille er ein bestevenn.

Samtale om “bestevenn” med heile gruppa i “hjartet”
– Kvifor tør ikkje Trille spørje Lena om dei er bestevenner? Kva slags råd ville klassen gitt til Trille?

– Rund gjerne av med ein refleksjon om kor ulikt folk tenkjer om kva ein bestevenn kan vere. – Nokre har fleire gode venner utan å kalle dei bestevenner. Det viktigaste er å finne ein eller fleire ein kan finne på ting saman med.

– Avslutt enten med å spele av songen “Bestevenn” eller syng den i lag. Du kan vise songteksten på smarttavla, bruk gjerne Odd Norstoga som støtte og stemningsskapar om de ikkje kjenner songen godt frå før. Songtekst (sjå tillegg til del 8)

Dette undervisningsforlaupet kan nyttast som eit førebuande arbeid til å lese boka, eller i etterkant av å ha lese boka. Vert det nytta som førebuande arbeid, så kan ei fin avrunding vere å dele ut boka/gje tilgang på lydbok eller lese saman i klassen.

Undervisningsforløp av:
Katrine Heggstad, Kari Mjaaland Heggstad og Stig A. Eriksson i samarbeid med redaksjonen.

Redaksjon
Læringsressursen er utviklet av Drama- og teaterpedagogene med støtte fra Utdanningsdirektoratet.

Undervisningsforløpet Vaffelhjarte er valgt ut, tilpasset og videreutviklet for læringsressursen av redaksjonen:

Kari Strand, Ingvild Margrethe Birkeland og Barbro Børli Løkken.
Silje Birgitte Folkedal var en del av redaksjonen i fase én (utvelgelse av undervisningsforløp).